| Innspel på høyring om vinterlagring av utanlandsk lystbåt |
| tirsdag 22. juli 2008 21:25 |
|
Solund Maritim AS klargjer no eit serviceanlegg for mottak av lystbåtar opp til 70 fot på Solnes i Solund kommune. Vi vinterlagrer båtar i eit topp moderne anlegg med isolert lagringshall, verkstad og marina frå oktober. Anlegget vårt vekkjer positiv interesse også utanfor Noregs grenser. Vi registrerer at det er fremja forslag til ny tollforskrift om mellombels innføring og etterlating av ufortolla lystfartøy. Det går fram av lovforslaget at; 1) Utanlandsk lystbåt kan mellombels innførast og brukast i Noreg i 12 månader. 2) Utanlandsk lystbåt kan leggast igjen i Noreg i inntil 6 veker i 12 månaders perioden. Høyringsfristen er sett til 7.august. Reglane innafor EU tillet lystfartøy brukt i 18 månader før dei må ut av EU eller fortollast. Lova legg til grunn den praktiske bruken av båt i det europeiske klima med 6 månader seglsesong – inn i EU, 6 månader med vinteropplag, 6 månader seglsesong – ut av EU. Båteigaren etterlet båten for vinterkonservering og nødvendig vedlikehald hos lokalt verft eller marina. Det er velkjent at klausulen om 18 månaders toll-fritak i EU brukast aktivt av norske båteigarar, særskilt for opplag på svenskekysten. Dette er oppdrag som er kjærkome for sysselsetjinga i denne del av Sverige. Forslaget til ny tollov avvik frå den gjeldande praksis innafor EU. Det er her i Noreg som i resten av Nord Europa vanleg å legge båten i vinteropplag frå oktober til april. Forslaget legg opp til at våre gjester kun skal få legge båten sin att i 6 veker. Dette oppfordrar ikkje til godt sjømannskap då båteigar gjerne må hente båten sin ein sein haust- eller vinterdag, med dei værtilhøve som då faktisk råder. Forslaget gjev heller ikkje norske marinaer høve til å konkurere om oppdrag frå utanlandske lystbåtar. Vi er kjent med forslag til endring av tollforskrift fra den London baserte foreininga ; ”The Cruising Association” v/Hans Jakob Valderhaug, og støttar dette; 1) Tidsperioden for å innføre utanlandsk lystbåt til Noreg endrast frå 12 til 18 månader. 2) Utanlandsk lystbåt kan etterlatast ved norsk slipp/verft/marina i vanleg vinteropplag utan at eigaren er tilstades. Ei slik endring vil føre til bruk av båten under dei tilhøve båten er konstruert for og ikkje framprovosere seglas i vinterhalvåret, med det uheldige utfall det kan få. Norske slipper og verft får like vilkår i konkuranse om oppdrag i denne marknaden. Bjarte Engevik -dagleg leiar- Solund Maritim AS |


Solund Maritim AS tilbyr innandørs eller utandørs hotellopphald for båtar, anten i ein topp moderne varmhall og/eller i ei isfri trygg hamn. I tillegg garanterer vi at skuta di skal vera strøken og klar til avgang, når du måtte ynskje det!
