| Om oss |
|
Solund Maritim driv eit moderne båthotell for fritidsflåten, på Solneset i Solund kommune. Marinaen har lett tilkomst og er skjerma for vind og bylgjer i ei naturvakker lagune. Solund Maritim AS vart stifta sommaren 2006 (Org.nr: 990 311 137). Vi har sidan den gong reist ein ny varmhall for vinterlagring av båtar. Denne vart teken i bruk hausten 2008. Målet vårt er at vi skal tilby all service som ein fritidsbåteigar måtte trenge. Posisjon: 61°03.43'N, 004°45.6'E Våre samarbeidspartnarar:Hjønnevåg Camping og Rorbuferie |


