|
AKSJETEIKNING SOLUND MARITIM AS JANUAR 2010 |
|
tirsdag 12. januar 2010 12:36 |
|
Solund Maritim har sidan starten november 2008 opplevd aukande ordretilgang. Båteigarane har verkeleg fått smak på tenestene våre og vi opplev mange gode tilbakemeldingar frå fornøgde kundar. Dette gjeld ikkje berre norske kundar, men også kundar frå Skottland, Frankrike USA og Russland.
Vi er i ein situasjon der marknaden er ekspansiv og våre samarbeidspartner Johs Lunde Marine Group har hand om ein endå større del av båtmarknaden.Fleire har forstått betydninga av å kunne lagra ein båt innandørs i oppvarma hall, beskytta mot vind, vatn frost og temperatur svingningar. Vi har i dag ikkje plass til å huse alle som ynskjer lagring i vår oppvarma hall. Dette krev ei snarleg utviding av anlegget vårt.

Solund Maritim skal i nært samarbeid med Johs Lunde Marine Group tredoble kapasiteten for lagring av store lystbåtar. Det er no planlagt eit nytt byggjesteg med ein fullisolert lagerhall i stål på 2400 m2. Tomta er nærast byggjeklar og bygget skal liggje mellom eksisterande lagerhall og arbeidshall.Ved ferdigstilling vil anlegget vere det einaste på Vestlandskysten i sitt slag.
Det er innbede til aksjeteikning i selskapet der eksisterande aksjonærar har forkjøpsrett, men det er opna for å innvitere andre investorar til å bli med på eit særs spennande satsing. Teikninga vil føregå fram t.o.m den 08.februar 10.
Interessentar kan få tilsendt prospekt og teikningsblankett ved å ringe 95 46 50 50 eller sende e-post til;
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
|
|
Tilbod på utelagring av båtar 2010 |
|
mandag 28. september 2009 09:11 |
|
Vi har fortsatt plass til båtar i le av den store lagringshallen vår og kan gje eit godt tilbod på utelagring her.
Her er prisane på dette tilbodet;
|
Vanlig Pris |
Din pris |
| LØFT OPP, HANDTERING OG UT I SJØ pr.fot |
100,- |
100,- |
| LAGRING PR.M2 100,- + 150,- pr.mnd |
5.200,- |
GRATIS |
| LEIGE AV KRYBBEMATERIELL |
1.500,- |
1.500,- |
| SPYLING/VASK PR.TIME |
550,- |
550,- |
| VINTERKONSERVERING MOTOR |
550,- |
550,- |
| Priseks. 35 fot båt (40 m2) ex.mva |
11.800,- |
6.600,- |
Du sparer heile kr.5.200,- (44%) ! |
|
Solund Maritim informerer... |
|
torsdag 19. mars 2009 22:56 |
|
KJØP BÅTPLASSEN AV OSS!
Ta kontakt for gode tilbud på 3, 4, 5 og 6 meter bredde plasser, båtar frå 20-60 fot!
Ring 95 46 50 50 el.mail
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
HAR DU VERT UHELDIG MED BÅTEN DIN - KOM TIL OSS ! Vi har det beste og raskaste løfteutstyret i marknaden og kan få båten din trygt på land på få minutt. Skader på propeller og ror reparerer vi. Skrogskader og andre skader kan vi også ta oss av.
HAR DU NOKO DU TRENG Å REPARERE? Spør oss, vi har dyktige fagfolk som finn gode løysingar. |
|
Båthotell Sogn og Fjordane |
|
mandag 26. januar 2009 21:23 |
|
Nytt båthotell og serviceanlegg på Solneset i Solund kommune som ligg i innløpet til Sognefjorden.
Vi starta hausten 2008 med å ta opp båtar for vinterlagring i den fullisolerte varmhallen vår. Båtane blir konservert, vaska, polert , reparert og tatt motorservice på, alt etter kva kunden har bestilt. Vi tar no imot bestilling på lagring av Dykkar båt frå august 2009. Båtar frå 14 fot til 70 fot, maks vekt 47 tonn.
Det blir no ferdigstilt 50 plassar i sjø for sal i eit heilt nytt anlegg med særs høg kvalitet. Investering i ein plass her vil gje kjøpar mange fordelar. Båten blir tilgjengelig midt i eit brukarområde, med øyar, vakke natur bade- og fiskeplassar i nærleiken og kort veg til den høgt kåra båthavna på Hardbakke. Kvifor ikkje reise til båten din med offentleg kommunikasjon og heller bruke båten din i øyparadiset Solund ? Når du er ferdig med turen legg du båten igjen i marina-anlegget og kan være trygg for at vi ser til den. Låge forsikringspremiar vil du også få med denne adresse. Du vil som kjøpar i tillegg ha båten din i ein marina som kan utføre alt med båten. Det er gode forbindelsar med ekspressbåt til Bergen, Sogn og Nordfjord
Solund Maritim AS utfører alle typer service og reparasjoner og kan om ynskjeleg hjelpe til med transport av Dykkar båt på sjøen til det nye båthotellet i Solund. Velkomen som kunde hos oss! |
|
Sal av båtplass i flytebrygge 2008/09 |
|
mandag 05. januar 2009 07:00 |
|
Solund Maritim AS har for sal plassar i nytt anlegg fra Triamarina.
Du kan nå sikre deg;
|
|
Les mer …
|
|
Forhandlar av Golden Teak |
|
fredag 12. september 2008 21:31 |
Solund Maritim AS er no blitt forhandlar av Golden Teak produkter. Vi tilbyr sal av desse produkta samt kan utføre rens og sealing av teakdekk. For ytterlegare informasjon – sjå www.seacrest.no |
|
Innspel på høyring om vinterlagring av utanlandsk lystbåt |
|
tirsdag 22. juli 2008 21:25 |
Solund Maritim AS klargjer no eit serviceanlegg for mottak av lystbåtar opp til 70 fot på Solnes i Solund kommune. Vi vinterlagrer båtar i eit topp moderne anlegg med isolert lagringshall, verkstad og marina frå oktober. Anlegget vårt vekkjer positiv interesse også utanfor Noregs grenser.
|
|
Les mer …
|
|
|
|
|
|